Ja, dette er det den gode torsdagen.. Ikkje fordi det er noko spesielt som skjer.. neida.. det er heller fordi det ikkje skjer noko som helst! Har venta på ein slik dag lenge, ein dag eg ikkje treng å stresse så mykje, ikkje treng å tenke meir enn nødvendig, og sist men ikkje minst; kan gjere akkurat det eg vil!!:D Alle dagar skulle ha vore gode torsdagar!
Livet er kanskje ikkje så gale likavel.. Med unntak av at eg akkurat fekk krampe i tåa!!!:S
I helga skal eg prøvd å få sove ute, gå på Raudmelen, bade rydde på rommet, kvile meg, og gjere ting eg kjem til å sakne med Sygna i sommarferien! Det går så alt for fort! Dei fleste skal jo ha eksamen på måndag og etter det er dei liksom ferdige, og skal begynne å pakke... Plutselig er liksom sommerferien her, og eg er ikkje klar, slik eg brukar å vere... Hjelp:S
Men i dag er det jo den gode torsdagen, så må ikkje ta sorgene på forskudd!:D Adios..
Johannes 3.16
For så høgt elska Gud verda, at han gav son sin, den einborne. For at kvar den som trur på han , ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
Thursday, May 31, 2007
Friday, May 25, 2007
Zombie... hehe

Ja, det er en bra sang..:) føler meg litt lost sjøl, så då passer det fint!;) Har hatt ei travel veke, med geografiprøve, franskprøve og biologiekskursjon... I tillegg har dei fleste komt opp i skriftlig eksamen, noke som fører til at vi blir 6 stykke i klassen min som skal opp i munnelg...:S det er ikkje mange altså! Kan bli litt tomt nårdei fleste reiser.. Men men.. akkurat no skal eg egentlig pakke litt, men får det ikkje heilt til.. Skal til bergen i helga på besøk til Katrine, så det gleder eg meg til:D Det var litt om livet mitt for tida..:) God pinse!
Thursday, May 17, 2007
Min 17.mai!!!

Heime igjen, og endelig tid til å oppdatere bloggen! Skulle ikkje tru eg hadde de så travelt, men eg har tydligvis det!Min 17.mai har vore flott!! I korte punkt ser den slik ut!
- blei vekt av mamma kl 8, eg måtte visst stå opp
- såg ut vindauget og var sikker på at det var heilt grått-deppa
- åt frukost med lillesøster, og det gjekk plutselig opp for meg at det var heilt blå himmel!-lykkekjensle:D (hedde eg ikkje vore så trøtt, hedde eg sikkert dansa av glede..)
- tok på bunaden og reiste i den kalde gamle kyrkja i Olden
- prøvde å synge alle dei vakre nynorske sangane, men det var for kaldt:P
- gjekk i toget
- koste meg med kaker, is og brus - snakka med gamle kjente og familie
- fortsatte å kose meg ute i sola med den vakre bunaden heilt til programmet var ferdig
- sang oldesangen<3
- reiste heim og prøvde å få tatt familiebilde.. det viste seg å vere vanskelg å få eit vellykka resultat..
- åt pølse med brød - den utlimate 17.mai middagen..
- åt masse sjokolade
- køyrte til stryn MERK:MED BUNAD, med kjæresten til tante...(skummelt-fin bil)
- overlevde turen til stryn, (overlykkelig pappa for at eg ikkje hadde krasja..)
- åt 17.mai gele med overdose av krem-kvalm!!)
- skulle ta av meg bunaden, men orka ikkje tanken på det.. trur eg har litt for stor nasjonalkjensle.. hipp hipp hurra for Noreg!!<3<3)
- skunda meg til dataen for å dele med resten av verda denne fantastiske minnerike dagen..!:)
- PS:har sikkert gløymd små detaljar, men det er heilskapen som er viktig her..;)
- GOD 17.MAI FEIRING VIDARE



Sunday, April 29, 2007
Den ultimate lykkekjensla<3
Åh, så hærlig! Sola varmer heile meg, det er berre kjempedigg! Badesesongen er i full gang, me like..! Kald fornøyelse som er vanvittig givande:D Hoppe ut i det kalde vatnet litt med vilje, litt uten, føle at du er under vatnet i menge minutt, før du endelig forstår at du må gjere en innsats for å komme opp, stikke hodet over vassflata og gispe etter luft, plutselig forstå at dette er venvittig kald, plaske mot land mens du ler, gå på land og ha en utrulig lykkefølelse samtidig som du hakker tenner..:DI tillegg til dette kjem is.. Jau sommer.. det er heilt greit at du kjem!<3
Sunday, April 8, 2007
Bloggtikken:D

Regler: Hver spiller starter med å skrive seks rare ting om seg selv. Bloggere som blir tatt må skrive seks rare ting om seg selv i sin egen blogg, i tillegg til å angi reglene for spillet. Til slutt velger spilleren seks nye bloggere som "har den", og lister navnene deres. Etter det er gjort, skriver han eller hun en kommentar på bloggene til hver av dem, for å la dem vite at de har blitt tatt, og at de må lese bloggen til den som tok dem for mer informasjon.
Eg prøver her å komme opp med 6 rare ting om meg sjøl...:):
1. Eg ler av det meste og når en kankskje ikkje burde le og griner av dei fleste filmer... En smule irriterende til tider, men..;)
2. Eg har aldri tatt fly i heile mitt liv, noke som vil seie at klasseturen til Roma blir min første flytur:S
3. Fram til i år trudde eg at alle non stop hadde samme smak, uansett farge.. Snakk om å vere uvitande!!
4. Eg liker å lage knekkelyder med tærne mine...
5. Eg klarer rett og slett ikkje å sove med musikk om kvelden. Det vil seie, eg får det til viss eg veit at den kjem til å slå seg av snart..:P Lite psykisk problem.
6. Eg er veldig lettskremt, kankskje meir enn dei fleste, og er nok ein av dei få på Sygna som rett og slett ikkje taklar skrekkfilmar...!
Då sender eg bloggtikken videre til Irene og Mari
Saturday, April 7, 2007
Snø??

Hei!
I dag tidleg då eg våkna, var det masse snø ute! I april... Hmm.. håper ikkje den ligger lenge, for eg er klar for badesesongen snart!
Ferien har vore konge, godt å sove ut om morningen, ete mamma sin mat og treffe familien! I morra skal eg på ski, og nyte siste resten av påska, før det berer tilbake til vakre Balestrnad, der det forhåpentligvis ikkje er snø.. Det er lov å håpe! I dag skal vi på hytta til tante, det blir kos! Håper alle har en flott ferie!
I dag tidleg då eg våkna, var det masse snø ute! I april... Hmm.. håper ikkje den ligger lenge, for eg er klar for badesesongen snart!
Ferien har vore konge, godt å sove ut om morningen, ete mamma sin mat og treffe familien! I morra skal eg på ski, og nyte siste resten av påska, før det berer tilbake til vakre Balestrnad, der det forhåpentligvis ikkje er snø.. Det er lov å håpe! I dag skal vi på hytta til tante, det blir kos! Håper alle har en flott ferie!
Friday, March 30, 2007
Halla folkens:)
Påskeferie er berre herleg! Tenkte eg skulle fortell litt om dei siste travle dagane på sygna før ferien! Siste veka har vore ei super veke, med sol og knallver! Vi har ete is, sola oss på bana, vore i Holmen, spela volleyball, rappellert vore på verandaen og sett på den stjerneklare himmelen! Berre heilt perfekt:D
Livet i Balestrand er altså herlig, så det var litt vemodig å reise derifrå... Men så kom eg heim, og det var kjempeherlig det og:) Har vore ute og køyrt bil og ete is:)
Her kjem snart noken bilder frå den siste veka, som beskriver betre enn ord korleis vi har hatt det:D
Påskeferie er berre herleg! Tenkte eg skulle fortell litt om dei siste travle dagane på sygna før ferien! Siste veka har vore ei super veke, med sol og knallver! Vi har ete is, sola oss på bana, vore i Holmen, spela volleyball, rappellert vore på verandaen og sett på den stjerneklare himmelen! Berre heilt perfekt:D
Livet i Balestrand er altså herlig, så det var litt vemodig å reise derifrå... Men så kom eg heim, og det var kjempeherlig det og:) Har vore ute og køyrt bil og ete is:)
Her kjem snart noken bilder frå den siste veka, som beskriver betre enn ord korleis vi har hatt det:D
Subscribe to:
Posts (Atom)