Johannes 3.16

For så høgt elska Gud verda, at han gav son sin, den einborne. For at kvar den som trur på han , ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Thursday, May 31, 2007

Den gode torsdagen:)

Ja, dette er det den gode torsdagen.. Ikkje fordi det er noko spesielt som skjer.. neida.. det er heller fordi det ikkje skjer noko som helst! Har venta på ein slik dag lenge, ein dag eg ikkje treng å stresse så mykje, ikkje treng å tenke meir enn nødvendig, og sist men ikkje minst; kan gjere akkurat det eg vil!!:D Alle dagar skulle ha vore gode torsdagar!

Livet er kanskje ikkje så gale likavel.. Med unntak av at eg akkurat fekk krampe i tåa!!!:S

I helga skal eg prøvd å få sove ute, gå på Raudmelen, bade rydde på rommet, kvile meg, og gjere ting eg kjem til å sakne med Sygna i sommarferien! Det går så alt for fort! Dei fleste skal jo ha eksamen på måndag og etter det er dei liksom ferdige, og skal begynne å pakke... Plutselig er liksom sommerferien her, og eg er ikkje klar, slik eg brukar å vere... Hjelp:S

Men i dag er det jo den gode torsdagen, så må ikkje ta sorgene på forskudd!:D Adios..

Friday, May 25, 2007

Zombie... hehe


Ja, det er en bra sang..:) føler meg litt lost sjøl, så då passer det fint!;) Har hatt ei travel veke, med geografiprøve, franskprøve og biologiekskursjon... I tillegg har dei fleste komt opp i skriftlig eksamen, noke som fører til at vi blir 6 stykke i klassen min som skal opp i munnelg...:S det er ikkje mange altså! Kan bli litt tomt nårdei fleste reiser.. Men men.. akkurat no skal eg egentlig pakke litt, men får det ikkje heilt til.. Skal til bergen i helga på besøk til Katrine, så det gleder eg meg til:D Det var litt om livet mitt for tida..:) God pinse!

Thursday, May 17, 2007

Min 17.mai!!!


Heime igjen, og endelig tid til å oppdatere bloggen! Skulle ikkje tru eg hadde de så travelt, men eg har tydligvis det!Min 17.mai har vore flott!! I korte punkt ser den slik ut!
  • blei vekt av mamma kl 8, eg måtte visst stå opp


  • såg ut vindauget og var sikker på at det var heilt grått-deppa


  • åt frukost med lillesøster, og det gjekk plutselig opp for meg at det var heilt blå himmel!-lykkekjensle:D (hedde eg ikkje vore så trøtt, hedde eg sikkert dansa av glede..)


  • tok på bunaden og reiste i den kalde gamle kyrkja i Olden


  • prøvde å synge alle dei vakre nynorske sangane, men det var for kaldt:P


  • gjekk i toget


  • koste meg med kaker, is og brus - snakka med gamle kjente og familie


  • fortsatte å kose meg ute i sola med den vakre bunaden heilt til programmet var ferdig


  • sang oldesangen<3


  • reiste heim og prøvde å få tatt familiebilde.. det viste seg å vere vanskelg å få eit vellykka resultat..


  • åt pølse med brød - den utlimate 17.mai middagen..


  • åt masse sjokolade


  • køyrte til stryn MERK:MED BUNAD, med kjæresten til tante...(skummelt-fin bil)


  • overlevde turen til stryn, (overlykkelig pappa for at eg ikkje hadde krasja..)


  • åt 17.mai gele med overdose av krem-kvalm!!)


  • skulle ta av meg bunaden, men orka ikkje tanken på det.. trur eg har litt for stor nasjonalkjensle.. hipp hipp hurra for Noreg!!<3<3)


  • skunda meg til dataen for å dele med resten av verda denne fantastiske minnerike dagen..!:)


  • PS:har sikkert gløymd små detaljar, men det er heilskapen som er viktig her..;)


  • GOD 17.MAI FEIRING VIDARE